Det er dei små tinga i livet som er kjekke. I dag var det komler til middag. Komler er godt. Det er ofte mykje fett saman med komlemiddager — men kven spis komle kvar dag? Viss ein ikkje kan få spise godt i jula; kva er då vitsen med å feire jul? Verda bør ta seg saman og halde seg til sunn, norsk og tradisjonsrik bondekost.
Ja, det høyrest kanskje trivielt ut, men eit så grunnleggande prinsipp som å snakke saman er ofte vanskeleg å etterleve. Fundamentet for alt samarbeid er at dei som er med snakkar saman. Så enkelt, men samstundes så vanskeleg. Kanskje trur du at alle forstår kva du tenkjer og veit kva du vil. Dei andre trur det same om deg; at du veit kva dei tenkjer og vil. Kor vert det av samspelet — “sam”-delen av samarbeid. Saman er me sterke, men kvar for oss har me berre kontroll over vår eiga tue. Det er typisk norsk å vera seg sjølve nok.

I dag er det fyrste desember, og i går var det nisseseilas i Vågen. Sjølv om regattaen var på ein søndag i år, var det godt med folk som såg på; ingenting tydar på at det ikkje var like monge som det har vore på laurdager tidligare år. Det går altså ann å vitja byen uten å ta seg turen på butikkar og slikt. Jula handler ikkje berre om kjøpestress og julegavejag.
I år mangla me vind — men me holdt motet oppe og klarte oss gjennom tre regattaer. Med ein snipe, 4 europajoller og 3 optimister var det ikkje rekordstort oppmøte. Kjekt var det, og pizza og premieutdeling etterpå satte den ekstra spissen på arrangementet.
Jeg kjøper svært sjeldent langreiste polykarbonatskiver med digitale filer, også kalt Compakt disc. Men i dag kan du risikere å treffe meg på Platekompaniet. Der jeg skal anskaffe meg, Day & Age, det nye albumet til The Killers.
Gleder meg!
Dette var den siste opne helga på Studentersamfundet i Trondhjem for dette semesteret, så no er det ferie for alle sammen. Motivasjonen er eksamenslesing, som nok kjem godt med. Eg skal ta turen heim i leseveka mi, så det er ikkje så farleg. Ute er det mykje snø!
Espen har fått seg ein yubico-nøkkel. Kva han skal med den, veit han ikkje heilt enda. Kanskje logge inn på bagateller.com?
Yubico-nøkkelen genererar eit eingongspassord når du trykkar på han — nesten som med kortlesaren til nettbanken. Passordet vert generert ut frå ein AES-nøkkel, og saman med eit tidsstempel er det mogleg og verifisera at det er nettop den nøkkelen som er nytta nett no.
Jeg har nå diskutert «kvess» med min samboer. Jeg vil bare få presisere at kvess ikke er et ord som er godkjent av Språkrådet. Jeg skal imidlertid gå med på at ordet har en viss lokal forankring. Noe som faktisk kan bekreftes av onkel Google. Hvordan kunne du?
Det er November. Det er eksamenstid, og trangt om plassen på universitetet.
Da er det hyggelig at Statsbygg har valgt å lydisolere en allerede eksisterende lesesal. Strengt tatt kan det ikke en gang kalles lydisolering, men det var ikke det som var poenget.
I tillegg er det ekstra hyggelig at de har valgt å utføre arbeidet på kveldstid. Det er ihverfall det jeg antar, da det ikke er noe aktivitet på dagtid.
Eller er det noe annet som ligger bak?

Når det er hammertime, er det time for hammerlaging. Og sidan eg hadde hammertime på måndag, har eg laga meg ein hammar. Formelt sett var det dreiekursdelen av praksiskurset me får på Marin; og for å dreia noko konstruktivt laga me hammar i messig og stål. Det var overraskande enkelt å laga ein flott hammar — han ser nesten skikkeleg ut!










