Warning: ob_start() [ref.outcontrol]: output handler 'ob_gzhandler' cannot be used after 'URL-Rewriter' in /mounted-storage/home60a/sub001/sc15504-VBWD/wordpress/wp-includes/functions.php on line 408
bagateller.com » Blog Archive » Soga om Midtausten
bagateller for deg - livet for meg

Midtausten hette ein stad. Han var inst i Middelhavet, på den austre grensa. Fyrst budde ingen her. Så kom ei folkeferd. Dei busette seg på plassen, og levde eit godt liv. Etter mange år, var dei mange som budde der.

Ein annan plass i verda budde òg eit folkeferd. Dei hadde det ikkje så godt. Keisaren følte seg truga av dei, og sende dei bort. Som eit mirakel var dei blitt lova eit nytt land, og dit la dei i veg. Etter å ha godt langt om lenge, kom dei fram til landet øst i Middelhavet. Dei sa at gud hadde gitt dei dette landet, og at det var deira rett til å bu her.

Seinare møtte det nye landet motstand. Det braut ut krangel om kven som kom fyrst, og kven som hadde mest rett til å bu i landet. Det varte lenge, men ingen blei einige. Gjennom mange år veksla folkeferda på å ha overtaket i området.

Ei tid var landet delt i to. Ein stor mur skilde dei to områda – for å i vareta sikkerheita, sa dei så fint. Ahrmed, brei over aksla og av god ætt, likte ikkje muren. Han budde på den eine sida, og arbeide på den andre. Det tok lang tid å komme gjennom kontrollen. Plutselig ein dag vart han vonbroten på styresmaktene, og melde seg inn i ein klubb som kjempa mot muren. Dei hadde flotte reiskap som kunne fjerne muren. Dei bomba han i bitar.

Byggherren likte ikkje at nokon skada muren hans, og bomba tilbake. Slik starta det. Det heile såg ikkje ut til å ha nokon endre, sjølv om partane hadde samtalar saman. I periodar roa aktiviteten seg. Andre gonger tok han seg opp att. Diskusjonane gikk til tider heftig, andre tider roleg. Nokre gonger såg det til og med ut som at dei skulle kunne einast om fred. Nokre gongar ville ikkje partane snakka direkte til kvarandre ein gong. Då brukte dei mellommenn. Eller sa til heile, vide verda at dei hadde rett. Begge partar gjorde det same. Ingen trudde på alle, og nokon trudde på mannen i månen.

Ein dag vakna ein mann av ein draum. Han var òg av god ætt, og budde i eit stort, kvitt hus på vestkysten av Amerika. Han kalla saman rådet sitt og talde med dei om draumen. I draumen hadde han sett Ahrmed, som hadde kasta ein kniv mot han. Rådet høyrde godt etter medan sjefen deira fortalde. Så var det deira dur til å snakke. Dei tenkte seg lenge om før dei kom fram til at draumen måtte ha vore eit symbol – eit symbol på at nokon ville Amerika vondt. Det var best å gå til åtak på Ahrmad og hans folk.

Amerika var flinke til å angripe andre land. Dei fant fram det finaste fyrverkeriet dei hadde og sende det til Midtausten. Dette var slutten på Midtausten. Midtausten overlede ikkje atomalderen.


Litt annet perspektiv, men beskrivende på sin eigen måte.

16 februar, 2007 at 17:25


Ingen kommentarer så langt. Blir du den første?

RSS kommentarstrøm for denne artikkelen. Spor tilbake

Skriv en kommentar

Skrevet av Espen
Står bak 145 artikler
Biografi
Eg er elev ved Stavanger Katedralskole / Kongsgård og skriv litt om livet der, men mest om ting som ikkje har den ringaste relevans til nokon fornuftig tilværelse. Vidare så bur eg nesten, men berre nesten på Sølyst, Stavanger Seilforening. Eigentleg så bur eg i verdens navle - Svartemyr, Randaberg. Eg seiast å vera irriterande. Til enkelte tidar av året bur eg på skulen i staden for på Sølyst. Kan du tenkje deg til kvifor?