Global oppvarming er så typisk. Me har det over alt, og sidan alle har det, er det ikkje kjekt lengre. Me likar ikkje å vere som alle andre, me skjems rett og slett over den globale oppvarminga. Me gjer vårt yttarste for å bli kvitt han med ein gong. Me reisar med fly til Brussel for å snakke med andre som har global oppvarming. Der har med det morosamt med å peke på dei dumme der heime som ikkje klarar å gjere noko med den globale oppvarminga. Dei sit bere på gjerdet og ser på at termometeret sakte men sikkert kryp oppover mot den sanne død.
Me vil ikkje ha han. Me vil ikkje ha global oppvarming. Me vil ha varmare ver, sol og fint – men inga global oppvarming. Me sit altså i Brussel og ler av dei heime som har global oppvarming. Me er jo ikkje der, så me har ikkje global oppvarming. Me snakkar berre om dei, og når me kjem heim, er det sjølvsagt på sin plass å mobbe dei som blei at heime saman me den globale oppvarminga. Tenk så dumme dei var som ikkje reiste frå han ei stund medan dei hadde sjansen. Me reisar med fly for å spare tid, og samstundes lure oss bort frå den globale oppvarminga. Han kan jo ikkje følgje etter oss i så store hastigheitar? Det me ikkje tenkjar på er at flyet lagar ei global oppvarming bak halen sin. Det seiar journalistane i avisa.
Sjølvsagt er det nokon som likar at verda blir varmare av den globale oppvarminga. Det er dei som ser pengar i å kunne stappe han på boks og selje han til marsboarane som kjem på besøk for å le av oss når verda går under i ein stor «varmepøl». «Global oppvarming på boks. Rørast ut med litt vatn», skal det stå på boksen, og han skal koste 129,90 pluss moms.
Me vil ikkje sjå global oppvarming. Global oppvarming høyrar ikkje heime i synsfeltet vårt, og me vil absolutt ikkje ha han heime, eller høyre om han på nokon som helst måte. Global oppvarming er ein vederstyggelighet me klarar oss fint utan. Noko me klarar oss veldig fint utan. Hadde Gud meint at me skulle ha global oppvarming, hadde han utstyrt oss med dertil egna utstyr som isbitmaskinar på ryggen og varmeslør.
Sjølv om me elskar å hate den globale oppvarminga, er det ikkje til å komme bort i frå at me ser dei lyse sidene ved saken òg. Til dømes vil me sleppa problema med å varme opp husa våre. Dei vil vere så varme at me må ha klimaanlegg i alle rom og i garasjen. Me nordmenn elskar klimaanlegg, sidan ikkje alle har det, og at det er utanlandsk. Ein annan fordel er at isbreane våre vil smelte og gi oss mykje ferskvatn å drikke. Isen på Grønland, nordpolen og sørpolen vil seie takk for seg og breia seg utover i ei meir rettferdig form. Øybuarar rundt omkring i verda vil og få innlagt vatn i husa sine. Og det gratis, til om med. Sidan dei ikkje betalar noko for det, vil dei sikkert og kunne leve med det faktum at det kanskje kan smake litt salt av og til. Kanskje vil det og ha ein tendens til å kitle dei på tærne medan dei søv, og ikkje minst kjem det til å vere varmt og godt når me vitjar dei.
Den kulørte daglegpressa minnar oss stadig på at me står på terskelen til ei globalt oppvarma tidsepoke med stadige oppslag om alt frå kor mykje karbondioksid me pustar ut til kva for ein jakke som bidrar mest til den globale oppvarminga. Sjølvsagt bidrar ikkje ein jakke direkte til den globale oppvarminga, men han slepp ut mengder med farlige gassar medan han vert laga. For å lage eit bilete av korleis ei avis set opp ei sak om det nye fenomenet «drivhuseffekten», vil eg samanlikne dei med ein barnehage. Der er livet organisert i avdelingar som gjerne konkurrerer. Barnehagetantene sørgjer for å halde liv i heftige diskusjonar om kven som har den tøffaste storebroren eller kva for ei dokke som har mest krøller på hovudet. Som alle veit, er argumentasjonane i slike kranglar ganske einsforma med den enkle grunn at ingen veit kva dei snakkar om. Kjennar nokon av de journalistar de igjen? Eg berre nemnar det.
Innerst inne veit me at me likar den globale oppvarminga, for kva er vel ikkje betre enn å sitte ute kvar dag saman med nokon du er glad i – halvlitaren din, kanskje. Berre du og han, ilag. Med global oppvarming vil dette verta sannheita. Global oppvarming gjer at du ikkje lenger treng stase deg opp med tjukke vinterklede midt på sommaren berre for å sjekke at gradestokken ligg på eit absolutt lavmål som alltid. Men når jula kjem, får me oss eit overraskande sjokk. Det me alltid har sett på som ei kvit feiring bler med eitt eit grått hål i kvardagen utan luftig sno kor julenissen kan lande sleden sin.
No har nokre såkalla forskarar funne ut at det kanskje ikkje bler globalt varmare av global oppvarming. Mest sannsynleg vil me få det kaldare her oppe i Nord, blant dei høge fjella. Resten av den globale verda vil få ein formidabel varmeauke, medan me her oppe risikerar å få tilbake dei kvite vintrane og julefeiringane våre, samstundes som gleda ved å reise til søren vil auke proporsjonalt med temperaturforskjellen. Det me då har oppnådd, er akkurat det me har prøvd på sidan starten: kvitte oss med den globale oppvarminga. Viss oppvarminga ikkje er global, så er han ikkje ei global oppvarming. Merkeleg? Nei. Og sidan det ikkje lengre vil vere slik at me har global oppvarming over alt kjem det til å bli spanande igjen. Alle vil reise med fly til globalt oppvarma plassar for å oppleve noko som ikkje høyrer heime her oppe i kalde nord. Fenomenet vil nok ein gong ble populært sidan me ikkje har det sjølv. Den satt, tenkjar eg! Alt i alt hatar me å elske global oppvarming. Så lenge me kan halde fram med å ete pølser i lompe og is den 17. mai kvart år, er me fornøgde.
- Skrevet av Espen
- Står bak 151 artikler
- Biografi
- Eg er elev ved Stavanger Katedralskole / Kongsgård og skriv litt om livet der, men mest om ting som ikkje har den ringaste relevans til nokon fornuftig tilværelse. Vidare så bur eg nesten, men berre nesten på Sølyst, Stavanger Seilforening. Eigentleg så bur eg i verdens navle - Svartemyr, Randaberg. Eg seiast å vera irriterande. Til enkelte tidar av året bur eg på skulen i staden for på Sølyst. Kan du tenkje deg til kvifor?
Ingen kommentarer så langt. Blir du den første?
RSS kommentarstrøm for denne artikkelen. Spor tilbake
Skriv en kommentar