Warning: ob_start() [ref.outcontrol]: output handler 'ob_gzhandler' cannot be used after 'URL-Rewriter' in /mounted-storage/home60a/sub001/sc15504-VBWD/wordpress/wp-includes/functions.php on line 408
bagateller.com » Blog Archive » Austlendingane er ei landeplage
bagateller for deg - livet for meg
«« MelkHjemSommartider »»

Dei er over alt, uansett kvar eg går så treff eg dei. Til og med på skulen er det austlendingar. Det firkanta harde talespråket deira slår seg inn i hovudet mitt som ein slagdrill i ei lecablokk. Hadde eg vore på austlandet hadde eg gjømt meg vekk, med desse austlendingane vandrande rundt med heva hovud som om dei er konge over alle vestlendingar. Og jammen trur dei det også. Ser du to som kranglar, så er det garantert ein austlending innblanda, og dersom det ikkje er det, så tar det ikkje lang tid før ein med skarp dialekt er på staden. Han har alltid svaret, og veit alt! Dersom ein vestlending prøvar å sei noko mot han, så kan han rekna med å få huda skjelt full av stygge ord og krenkingar. Det er merkeleg kor mykje ein austlending veit, i alle fall kor mykje han trur han veit. Det er tydelegvis sosial status å vite alt på austlandet. Ikkje rart det er mykje vold og krangling i Oslo. Når dei ikkje kan overgå kvarande med kunnskap, som sikkert er helt feil frå begge sin side, så må dei begynne og slåss. Kva dei tener på det er heilt umogeleg for ein enkel vestlending som meg sjølv å forstå.

Her ein dag fant fann eg ut at alle austlendingar har dysleksi. Dei kan jo rett og slett ikkje snakke! Har du nokon gong høyrd ein Austlending sei “R” inni eit ord? Ta til dømes namna Maren, Bjørn og Martin. Her ville ein austlending sagt ”Ma-an”, ”Bjøn”, og ”Mattin”. Kvifor i helsike seier dei noko anna enn det som står? Det er som om eg skulle kalle ein som heiter Helge for Hege. Eg kuttar ut ein bokstav og ordet får ei heilt anna meining. Men austlendingane har jo alltid rett, så det er nok ein baktanke med det…

Eg hugsar eg var på austlandet på speidarleir ein gong. Da kom eg i snakk med ein austlending, som påsto at eg snakka rart. Snakk om å vera trongsynt. Står der og påstår at den firkanta og tunge dialekten deira er betre enn den flotte og flytande Rogalandsdialekten mi. Austlendingar er nemleg trongsynte, for dei ser berre det dei vil sjå og overser alt anna. 60 soner på vestlandsvegane til dømes Dei har tydelegvis ikkje 60 sonar på austlandet, dei klarar ikkje å sjå dei i alle fall. Viss eg køyrer i 60, i ei 60 sone tar det aldri meir enn 2 minuttar før ein BP registrert bil ligg i spegelen. Ofte ligg den så nærme at ein ikkje kan sjå panseret på bilen ein gong. Før eg veit ordet av det, så ligg bilen å sida av meg på veg forbi. Det er garantert ein 40 år gamal mann med barn i 8 -10 års alderen som skal på ferie. Kvifor dei kjem til vestlandet når dei berre klagar likevel veit ikkje eg, og ikkje finn eg eit svar heller. Men eg har ein god teori. Eg trur austlendingane er så misunnelege på den vakre naturen vår at dei bryt alle prinsipp og reiser her til. På austlandet har dei berre ein fjord og masse granskog. Fjorden som dei kallar for Oslofjorden er dekka av små hurtiggåande båtar med bortskjemde tenåringar. I våre auger er desse båtane sjølvsagt store, men austlendingane er litt inspirert av Amerika når det gjelder storleikar. Strandsona langs Oslofjorden er dekka av svære hytter som er større enn husa vi vestlendingar bur i. Ikkje rart det, for den skarpe dialekten deira kunne knust alle glasa i eit normalt hus. Husa må være så store at lydbølgjene frå kjeften deira nesten forsvinn før dei treff noko.

Granskogen på austlandet ligg så langt uti ”granskauen” at ingen gidder og oppsøke den. Det var derfor austlendingane vart så sure når Norsk skog la ned papirfabrikken. No vert det ikkje hogd like mykje frå skogane slik at austlendingane kan lage golfbanar og burettslag. Det er altså ikkje noko natur som er verd å sjå på austlandet. Derfor kjem austlendingane til oss og utnyttar vår uimotståelige natur. Austlendingane kan på fleire måtar samanliknas med tyskarar som kjem i camping bilane sine. Begge oppsøker naturen, og begge irriterar i trafikken. Berre austlendingane køyrar for fort, og tyskarane køyrer for seint.

Austlendingar er på mange måtar ein eigen folkerase. Alle folkerasar har sine særtrekk, men det er likevel noko spesielt med austlendingar. Dei er over alt og kan alt betre enn alle andre. Dei er nokre merkelege skruar som ikkje eg forstår meg på.

11 juli, 2007 at 23:07


Én kommentar to “Austlendingane er ei landeplage”
  1. 1
    10 mai, 2008 @ 18:10
    Big P skrev:

    Haha, dette var morsom lesing. BP er bilskilt fra Bærum„ er ikke alle “austlendinger” som kommer derfra.
    Men det du snakker om er vel litt begge veier. Er ikke så mange her i Bergen som kan si r heller, og kan de det har de lagt til seg den “austlandske” måten å tale på.
    Og å klage på at vi sier Bjøn er vel akkuratt så mye dialektnedrakking (nytt ord!) mot oss som at jeg ler at du har sutla på hua di.

    Men jeg vet allt, det vet jeg, men skal jeg straffes for å være smart?

RSS kommentarstrøm for denne artikkelen. Spor tilbake

Skriv en kommentar

Skrevet av Asbjørn
Står bak 1 artikler
Biografi
Eg er ein kar som brukar mye tid på unødvendige ting og utsett det viktige tel siste slutt. Eg jobbar meir med tinga mine enn eg brukar dei, og blir gal av det. Eg likar tørre vitsar og er visstnok ikkje normal.