Me starta ferien på Langøy, landstedet til Stavanger Seilforening med Finnøy. Dei to geitene som skal halde skogen i sjakk på Langøy er blitt så tamme at dei ikkje lenger bryr seg om gjestande båtar og deira mannskap.
På Langøy fek Andreas teinefisk på fyrste kast, så eg måtte setta teiner. Anledningen var å prøvje ut dei heilt nyanskaffa teinene. Det er nokre år sidan sist me fekk krabbe, mulighens fordi dei som har krøpe inn i dei gamle teinene har krøpe ut igjen same vei. Det var eit par håler i dei, kan du seie.
Fangsten på fire krabbar, korav den eine vart sloppen ut igjen, blei laga til på land. Sjølve brennaren er ikkje så god som han ein gong var, men gasskula og tilbehør. Brennaren brann med gul flamme, same kva me gjorde, trorkje eg kan sei at gryta var heilt rein etterpå.
Neste stopp: Judaberg, Finnøy.
Her mønstra Joakim på for ei lita veke, koretter me ende opp i hamna til Haugesuns Seilforening. Der plukka me eit par liter blåbær som vart setne til livs med glupsk apetitt seinare på dagen. Plukkinga fann sted midt mellom to regnbyger.
Sidan gjekk me rundt Fosenøy igjen (ein time motorgange for å vera like langt nord som der me starta) og satte kursen mot Mosterhamn. Trangt om plassen førte oss vidare til Rubbestad båtlag, kor me låg til dagen etter.
Brandasund er ein plass langt ut i havgapet, kor dei serverar “Fish & chips” på Fabrikkloftet. Sundet er heimen til ein skjøn handelsstad, og husar mange turistar gjennom somaren. Etter middag på pub-en, var søvn på planen før ein humpete tur over Selbjørnsfjorden.
Kvalvåg på Stolmen er ei hamn med lange tradisjonar. Her vart banebrytande trelasthandel starta på den tida byggjeteknikken gikk over til å ha bord på utsida av huset. Bedrifta satsa på å vera framsynte, men som med så mangt gjekk det gale etter mange år. Nausta i hamna er gode for 2000 kvadratmeter golvplass. Vel verdt eit besøk.
To dagar i Kvalvåg med gåturar til butikken på andre sida av øya var nok. Kursen ble satt mot Langenuen, som fortener namnet sit. Han er kjedelegare enn å sjå på snøen på fjernsynet. Tanken med å forsere Langenuen var å ende opp på Lykelsøy, som jo og gjekk heilt etter planen. Nye blåbær vart hausta, og den mørke tida av døgret tok overhand.
Faktisk fyrste uthamn denne ferien! I den anledning måtte baugstigen på plass for å få mor i land.
Leirvik, Stord. Ein på mange måtar trist plass, men han har betra seg dei siste åra. Eg kjøpte ein stol her i fjor, medan eg leita etter ein plass å bytte den tomme gasskula. Det er ikkje mange som forhandlar AGA siden 2-kiloskuler lenger.
Båtferien for det 5. medlemmet av familien er no slutt, han tok Flaggruta frå Stord og heim etter å ha ete pizza med gele til dessert.
Kor me endar opp i morgon er det ingen som veit, men før veka er omme har me hatt ein dag eller to i Bergen, og sikkert satt kursen sørover mot meir heimnære trakter. Skitt fiske!
Relatert
Hurtigarkiv
Høvle arkivet?
Meta
Om Bagateller.com
Bagateller for deg, livet for meg
er mottoet vårt. Me gjer vårt
beste for å plage, underhalde, opplyse og omvende deg. Det er vår
visjon som er riktig, og nåde deg om du ikkje følgjer etter.
Les
meir


Brandasund er ein koseleg plass. For ein del år sidan fant eg ut at dei har bru. Då blei det ikkje gode gamle Brandasund lenger.