Bondeknøl!

Espen 2007 08 09

I går prøvde Marianne å lera meg å ri. Det var ikkje så lett som eg trudde, og i dag har eg gangsperr i låra.

Marianne sa at eg måtte sitta tyngre for å få hesten til å stoppa, men kordan går det ann å verta tyngre enn ein er? “Sjå oppover, då vert du tyngre”. Det er lettare sagt enn gjort det.

Jaja, eg datt ikkje av. Og eg hadde litt kontroll. Av og til.

Etterpå lagte Marianne kakao i fjoset. Med kaldt vatn.

Eg gløymde å ta bilete, men hvis Marianne har ein passande bilete, så vert eg glad om eg kan få låna det her.

Heisann.

Louise forstod ikkje kva bilete var, så du får eit bilde fra oss i stedet for. To faktiskt. For me måtte jo senda eit av den sexy rompå til Celica, meinte Louise.

5 kommentarar til “Bondeknøl!”

  1. Marianne says:

    Her kaller du posten bondeknøl. Du fekk så vidt litt fjoslukt på deg.
    Men morosamt at du hadde skrevet om rideopplevelsen.

    Eg kan leite etter eit bilete i kveld.

  2. Espen says:

    Kom ikkje på noko betre.

  3. Espen says:

    Sånn, no har eg lagt til bileta du sendte til meg.

  4. Joakim says:

    Kan eg få lov te å melda bildene på VM i udsnitt?

Kommenter

Relatert