Warning: ob_start() [ref.outcontrol]: output handler 'ob_gzhandler' cannot be used after 'URL-Rewriter' in /mounted-storage/home60a/sub001/sc15504-VBWD/wordpress/wp-includes/functions.php on line 408
bagateller.com » Blog Archive » Grøne hender
bagateller for deg - livet for meg

Kaktusbyen

I dag kan eg ta på meg tittelen som gartnar. Eg har planta om ein kaktus, og satt ein ny ein på plass der den gamle stod.

Eg har skreve om Kaktusbyen min tidlegare, den gang han hadde 4 levande invånerar. No er talet nede i ein, men han flytta på gamleheim tidlegare i dag.

Kaktusbyen, førehandsvisning

No er byen gjort om til eit palass kor berre ein kaktus bor. Han, byen, har óg fått renovert grunnen, og lagt inn vatntett skot for å halde på grunnvatnet. Det tørkar fort opp i ørkenlandskåpet viss ikkje. Eg vurderte å leggja inn fontene, men slo det frå meg sidan det hadde laga lyd.

Tidlegare var steinane limt samen oppå jorda, eller eigentles så var dei limt fast til jorda. Difor måtte eg ut og vaska gull. Det såg vertfall ut som det når eg hadde rennane vatn på fjellet og rota, slipte og knadde på småstein. Det var koseleg, sjølv om limen var vanskeleg å fjerne. Eg blanda det samen med litt gullfarga stein (difor kan eg kalla det gullvasking utan dårleg samvit) og litt kvit stein.

Den nye kaktusen arva ei krukke, som no står omtrent på same plass som tidlegare. Eg trur det kjem til å bli ein god plass å bu!

Den nye KaktusbyenKaktusbyen under eit raudt trePensjonistkaktusen i ei mindre potte.

25 august, 2007 at 19:51


2 kommentarer to “Grøne hender”
  1. 1
    26 august, 2007 @ 12:27
    Amalie skrev:

    Du har plantet om en kaktus og kaller deg gartner… Jeg skiftet lyspærer i går, er jeg en elektriker nå?=P

  2. 2
    26 august, 2007 @ 13:09
    Joakim skrev:

    Fagbrev kommer i posten

RSS kommentarstrøm for denne artikkelen. Spor tilbake

Skriv en kommentar

Skrevet av Espen
Står bak 142 artikler
Biografi
Eg er elev ved Stavanger Katedralskole / Kongsgård og skriv litt om livet der, men mest om ting som ikkje har den ringaste relevans til nokon fornuftig tilværelse. Vidare så bur eg nesten, men berre nesten på Sølyst, Stavanger Seilforening. Eigentleg så bur eg i verdens navle - Svartemyr, Randaberg. Eg seiast å vera irriterande. Til enkelte tidar av året bur eg på skulen i staden for på Sølyst. Kan du tenkje deg til kvifor?