
Kvifor ikkje bruke restane frå eit knust bilete til å lage nyt glass til eit anna bilete kor glaset har lidd av sprekkdanningar over lengre tid? Det er jo betre enn å hive dei store delane av det store glaset. Glaset frå eit stort bilete har no blitt glaset i ei mindre ramme.
Eg trong litt øving før eg meistra glaskniven, men det gjekk no på eit vis. Etter å ha rissa inn kor du vil brekka glaset, legg du det på ein rett kant og gir det eit lite men bestemt kakk. Bruddet er eit faktum!
Ja, det gjeld å passa seg. Nokre gonger kjem ting raskt; som til dømes ei long mast. Masta på ein seglbåt, altså. Lengde litt lang. Asbjørn trong hjelp til å ta ned masta på junkeren sin, men når me hadde tatt laust ståande rigg utanom undervanta (som det er fire stykker av) klarte Asbjørn å fjerne bolten på det eine. Resultat? Masta kom ned raskare enn planlagt. Utruleg nok landa han utan å gjere skade på seg eller omgjevnadane. Med unntak av lanterna i toppen; men den skulle byttast allikevel. Eg sa jo at det ikkje skulle ta så lang tid!