bagateller for deg - livet for meg

Ei framgangsmåte til korleis du kan spara mange pengar på å gjera jobben sjølve.

Patcpanel for Ethernet

Dette er eit patchpanel — ei rekke med pluggar for RJ45-kontaktar, slike du finn på nettverkskabelen bak må maskina di, eller i samband med den trådlause routaren viss du har trådlaust nettverk heime.

Denne skinna vert brukt til å samle alle uttaka du har rundt i huset ditt på eit enkelt punkt, slik at du kan kobla dei (“patcha”) om på ein lett måte. Kvart hull har ein ledning på baksida, som førar fram til eit vegguttak ein annan stad i huset. Uttaket i stova er til dømes nummer 1, telefonen på soverommet nummer to (Nyare telefonar brukar same kontakt som datanettverket) og nummer tre er datamaskinen på soverommet.

Men kvifor skal det vera naudsynt å velja at du vil ha telefon og datamskin på soverommet og datamaskin i stova allereie medan du legg opp kablinga? Det er her panelet kjem til sin fulle rett. Ynskar du telefon i stova og to datamaskinar på soverommet, byttar du om på kontaktane 1 og 2. Panelet fungerar på så måte som eit bindeledd mellom periferien av kabling huset og sentralen ved koblingspanelet.

Ei anna årsak til at ein brukar slike panel er at ein ikkje kan bruke same type kabel til fast innstallasjon inni veggar og til kobling mellom utstyr og uttak. Installasjonskabelen, den som ligg fast, er stiv og kan lett få brister om du tøyar han for mykje. Koblingkablane er mjuke og har fleirtråda straumlederar.

Patcpanel for Ethernet

Snur me panelet rundt, synar det fram ei heil rekke med fjelltoppar. Det ser utruleg uoversiktleg ut, men viss du ser systemet og held tunga rett i munnen, er det den enkleste sak i verda å navigera seg fram.

Dei fire lederpara i TP-kabelen

Kabelen som vert brukt har åtte lederar, fordelt på 4 par. Kvart par har altså to lederar. Desse er spunne samen med omtrent ein halv omdreining per tomme. Interferens mellom dei høgfrekvente signala i kabelen gjer at det magnetiske feltet rundt paret blir så lite som mogleg for ikkje å forstyrre naboparet. Difor vert kabelen kalla “twisted pair”. Para er fargekoda, og har ein ledar med heil farge, og ein kvit/stripete. Tvinnar du ut for mykje kabel når du koblar han til, vil du raskt merke at nettverket ditt går utruleg treigt.

Kordan du skal streke kabelen mellom romma du vil ha han til skal eg ikkje leggja meg oppi. Det er derimot vil seia noko om, er at det ikke er smart å strekkje han tett opptill andre straumførande inretningar. Er det imidlertid det einaste alternativet, så får du berre la det stå til. Då kan det kanskje vera smart å nytta ein skjerma kabel, men dei må jordast skikkeleg.

Ein annan ting når det gjeld å leggja opp dei faste kablane er at du ikkje må overbelasta dei med strekk og bøy. Ikkje bruk makt om han sit fast, finn heller ut kvifor han sitt fast, og fjern problemet. Du kan nesten vera sikker på at hinderet med tid og stunder vil skada kabelen slik at du må bytte han ut. Prøv å halda kabelen så rett som mogleg. Brukar du strips, så bruk så monge at du ikkje endar opp med ein berg- og dalbaneinstallasjon.

Legg merke til at du må ha ein eigen kabel for kvart uttak. Skal stua ha to uttak og soverommet eit, må du strekka tri kablar. Dei kan godt strekkast i same hull. Kjøp kablane i metervare hjå for eksempel biltema. Dei er merka som CAT-5, men er eigentleg CAT-5a.

Rekkefølgen på leiderane.

Når du har alt klart er det på tide å finne fram spesialverktøy og uttaka du skal montere fast på veggen. På biletet ovevr ser du kordan du skal ta av isolasjonen og leggje ledarane på plass der dei høyrar heime. For å sjekke merksemda di, har eg lagt inn ein feil i biletet over. Premie til den fyrste som finn ut kva som er feil!

Det er forsåvidt det same ka rekkefølge du nyttar på koblinga, berre du er konsekvent. Det er imidletid lurt å nytte seg av ein standardmåte, slik at andre kan forstå kva du har gjort. TIA/EIA 568-B er ein slik standard, som fortel rekkefølgen på lederane. Legg merke til at standarden finnst i både ein B- og A-utgåve. Kviforein du vel er ikkje viktig, men ver konsekvent!

Crone®-verktøyet trykkes bestemt rett ned.

Etter at du har lagt ledarane klar i spora sine, finn du fram Crone®-verktøyet og pressar på plass. Legg merke til at lederane ikkje skal avisolerast. Termineringstypen er laga slik at det skal vera enkelt å installere. Gjer du feil, kan du røske lederane ut igjen og ta det fra starten.

Pressverktøyet har ofte ein liten kniv på den eine sida, pass på at han vendar bort frå der kabelen er; ellers kappar du han laus. Det er også smart å bruke nokre kroner slik at du får eit kvalitetsverkøy. Flerie av billigvariantane øydelegg kontaktpunkta, slik at du ikkje kan bruka dei om at. Biltema sitt verktøy har fått dårleg kritikk fleire gonger, utan at eg kan seia meg einig. Eg har ikkje øydelagt nokon terminalar med det til no, vertfall. Clas Ohlson sin versjon er litt meir kvalitetsprega — så eg ville nok vald den hvis eg skulle kjøpt nytt.

Innsida at vegguttaket

Du gjer det same i vegguttaket som for panelet over. Prøv å ta av så lite isolasjon som mogleg, og la snurringane i kabelen vera som dei er. Det er ikkje noko poeng i å ta eit par ekstrariundag før du klemmar fast. Kabelen er tvunnen for å passe med frekvensane på signalet du sendag gjennom, og skal vera akkurat slik det er.

Du har kanskje høyr om rett og kryssa kabel, men det er ikkje noko du skal tenke på i denne samenheng. Her skal du koble rett frå pin 1 til pin 1 i andre enden.

Skulle du støta på problemer, finnst det monge artiklar rundt om på den store verdsveven, og du kan spørje her om kva enn du måtte lure på.

12 desember, 2007 at 17:40


2 kommentarer to “Kabla nettverk i heimen”
  1. 1
    1 november, 2008 @ 9:59
    Dan Berget skrev:

    Hei!
    Leste gjennom artikkelen din og fant den meget interrssant.
    I atrikkelen din er det brukt kontakter med fargekoder og det er der jeg sliter…
    Mit patchpanel har ikke fargekoder men tall (3,4,5 og 6), har du noen gode ideer til å koble den???
    Sliter med å finne relevante sider på nettet.

    MVh Dan Berget

  2. 2
    1 november, 2008 @ 13:38
    Joakim skrev:

    Hei, Dan Berget. Hyggelig at artikkelen falt i smak.

    En RJ45 plugg ordnes etter følgende fargestandard, T568-A eller T568-B. Om du holder kabelenden mot deg, med klippsen ned, finner du #1 til høyre.

    En fulstending forklaring av sammenhengen mellom farger- og tallkoding finner du på Wikipedia.

    Hvordan du skal koble dem er avhengig av om du har en Ethernet Patch kabel eller en Ethernet Krossover kabel.

    Lykke til!

RSS kommentarstrøm for denne artikkelen. Spor tilbake

Skriv en kommentar

Skrevet av Espen
Står bak 153 artikler
Biografi
Eg er elev ved Stavanger Katedralskole / Kongsgård og skriv litt om livet der, men mest om ting som ikkje har den ringaste relevans til nokon fornuftig tilværelse. Vidare så bur eg nesten, men berre nesten på Sølyst, Stavanger Seilforening. Eigentleg så bur eg i verdens navle - Svartemyr, Randaberg. Eg seiast å vera irriterande. Til enkelte tidar av året bur eg på skulen i staden for på Sølyst. Kan du tenkje deg til kvifor?