Warning: ob_start() [ref.outcontrol]: output handler 'ob_gzhandler' cannot be used after 'URL-Rewriter' in /mounted-storage/home60a/sub001/sc15504-VBWD/wordpress/wp-includes/functions.php on line 408
bagateller.com » Blog Archive » IP-standarden
bagateller for deg - livet for meg

ip-koden.jpg

Har du prøvd kombinasjonen vatn og mobiltelefon? Viss ikkje, så trur eg ikkje at det er noko å trakta etter heller. Eg kjenner monge som har prøvd, men sidan eg kjennar til IP-standarden, så veit eg kvar grensa går — og eg kan halde meg til han. “IP” kan til forveksling høyrast ut som IP-addressa datamaskinen din får på nettverket, men kor logisk er det at fjernkontrollen din til fjernsynet skal ha ei adresse frå et spekter som allereie er godt og vel oppbrukt? Me gler oss til den dagen når IPv6 og multicasting vert tatt i storstrakt bruk. Vonleg skjer det snart! Men nok om det, IP står i denne samanhengen for International Protection rate. Standarden er definert i standarden IEC 60529, og er eit mål på kor beskytta forskjelleg apparatur er mot vatn og intrengjing av lausgjeenstandard, som til dømes hovuder og støv.

Koden er satt saman av to bokstavar, IP og to siffer. Det fyrste sifferet ligg mellom 1 og 6, og fortel kor godt gjenstanden er verna mot intrengjing av framande ting.

Tydinga av det fyrste talet i IP-koden
Nivå Ting Forklaring
0 Inga vern mot uønska deler.
1 Over 50 mm Ingen store kroppsdelar skal kome inn i tingen
2 Over 12,5 mm Det skal ikkje verta mogleg å stikke fingrar og liknande utilsiktiga inn i tingen
3 Over 2,5 mm Verna mot verktyg, ledningar og lignande
4 Over 1 mm Verna mot det aller meste av skruer, verktyg, ledningar og så bortetter
5 Støv Verna mot støv. Støvet kan kome inn i tingen, men det skal ikkje verta så store konsentrasjonar at skade kan skje.
6 Støvtett Heilt verna mot støv. Støv skal ikkje koma inn i tingen.

Det neste talet i koden fortel kor godt vernet mot vatn er.

Tydinga av det andre talet i IP-koden
Nivå Verna mot Forklaring
0 Inga vern
1 Drypp Tingen er verna mot at dryppande vatn skal kunna gjera nokon skade når det kjem rett ovanifrå.
2 Drypp opp mot 15 grader Vatn som drypp på tingen skal ikkje gjera skade sjølv om tingen er opp til 15 grader skeiv i forhold til normal stilling.
3 Sprut Vatn som sprutar på tingen skal ikkje gjera skade viss det ikkje treff med større visning enn 60 grader frå loddrett.
4 Plasking Vatn som plaskar mot tingen skal ikkje gjere nokon skade, uavhengig av kor det treff.
5 Vannstråler Vannstråler skal ikkje koma inn i tingen i å stor grad at det vert noko problem. Stråla skal kunne kome frå ein kvar retning.
6 Kraftig vannstråle Same som over, men stråla kan vera kraftig, til dømes frå ein høgtrykksvaskar.
7 Nedsenking Tingen skal vere i stand til å halde vatn ute for trykk opplevd ned til ein meter under overflata. Standarden definerar eit forhold mellom vasstrykk og tid før skadelege mengder vatn kan trenga inn.
8 Vasstett Produsenten skal gi utfyllande opplysningar om kor verna tingen er, oftast vil tingen vera heilt tett, og skal vere i stand til å stå i mot vatn over tid.

Standarden opnar for at bokstaven X kan nyttast om tingen ikkje er testa, eller testen ikkje er relevant, mot vatn eller lausdelar. Koden kan utvidast med ein boksav til slutt. Tydinga av desse kan du lese om i artikkelen hjå wikipedia

Kjelde: Wikipedia

27 januar, 2008 at 12:09


5 kommentarer to “IP-standarden”
  1. 1
    27 januar, 2008 @ 14:30
    Solveig skrev:

    Kor i skalaen ligge mobilen min?

  2. 2
    27 januar, 2008 @ 14:35
    Espen skrev:

    Eg vil tru at mobiletelefonen din ligg rundt IPX6.

  3. 3
    27 januar, 2008 @ 15:18
    Marija skrev:

    ut fra erfaring (siden eg forsto lite av kodene dine) tåle mobilen min vin og sherry. Vaskemaskin er derimot å gå for langt… Hvorfor er ikke vaskemaskin med på listen?

  4. 4
    27 januar, 2008 @ 16:13
    Espen skrev:

    For å få vaskemaskin med på listen, må du sette deg ned og se hva som skjer inne i vaskemaskinen når den er på. Behandlingen inni der blir nok ein blanding av kraftige stråler og bading — en kombinasjon som grenser mot IPX7/8. Alle apparater er med — du må bare se abstrakt nok på beskrivelsene.

  5. 5
    29 januar, 2008 @ 21:47
    Marija skrev:

    Abstrakthet og koder er en dårlig kombinasjon. Det som derimot er ganske bra her inne er drink-tipsene til broren din =)

RSS kommentarstrøm for denne artikkelen. Spor tilbake

Skriv en kommentar

Skrevet av Espen
Står bak 145 artikler
Biografi
Eg er elev ved Stavanger Katedralskole / Kongsgård og skriv litt om livet der, men mest om ting som ikkje har den ringaste relevans til nokon fornuftig tilværelse. Vidare så bur eg nesten, men berre nesten på Sølyst, Stavanger Seilforening. Eigentleg så bur eg i verdens navle - Svartemyr, Randaberg. Eg seiast å vera irriterande. Til enkelte tidar av året bur eg på skulen i staden for på Sølyst. Kan du tenkje deg til kvifor?