
Ja, no er det min tur til å vera i det gastronomiske hjørnet, og då nyttar eg høvet til å gå ut i hagen og plukka markjordbær. Det var monge markjordbær i hagen i dag, og ikkje minst så var temperaturen betre egna til meg ute enn inne. No er det på veg til å verta utjamna, og med all den varmen som er inne i dag, er det ikkje merkeleg at temperaturen ute stig.
Markjordbæra var monge, raude og gode — men dei varar ikkje til i morgon utan å verta mjuke og vassne. Difor har eg rørt dei slik at eg kan ha dei i kjøleskåpet til i morgon.
For å laga rørte markjordbær, eventuelt av tamme jordbær, trenger du:
- Ei skål eller korg med jordbær
- Omtrent eit par spiseskjeier sukker
Knus jordbæra med gaffel saman med sukkeret og blandt det godt. Markjordbær er søtare enn tamme jordbær, så du treng ikkje ta så mykje sukker på dei — jo mindre gir jo betre smak (og då tenkjar eg ikkje på helsa). Dei rørte jordbæra kan godt frysast, så slipper du styret med sterile glas eller konserveringsmiddel. Eventuelt så kan du lage små mengder og spisa alt på ein gong. Det er jo kjempegodt!
Markjordbær må vel passe fint på halvgrov, søt kjeks ute på ei eng med blomar. Dersom du ikkje har tid til å ta deg ein tur ut på ei eng, eller kanskje du ikkje har nokon eng i nærleiken kan du jo alltids ty til ein virtuell skogstur.
Fleire bilete kjem i morgon!
Relatert
Hurtigarkiv
Høvle arkivet?
Meta
Om Bagateller.com
Bagateller for deg, livet for meg
er mottoet vårt. Me gjer vårt
beste for å plage, underhalde, opplyse og omvende deg. Det er vår
visjon som er riktig, og nåde deg om du ikkje følgjer etter.
Les
meir
