bagateller for deg - livet for meg

Alle studentar ved teknologistudiane ved NTNU startar med eit prosjekt kalla Teknostart. Dette er eit gruppesamansveisingsprosjekt kor me får lære noko om kordan jobbe godt i grupper. Ein del av prosjektet går ut på å bygge ein båt i skum.

Laget EMAE satte seg ned og tegna ei skisse av båten me ville laga — og når tida var inne bygde me han. Tida strakk ikkje heilt til, så me fekk ikkje plassert vekta der me ville ha han, så resultatet av byggingja var vel så som så. Båten klarte rundt 15 cm før vasskrekken tok heilt overhånd. Se bileta frå testinga i lilletanken under.

Bilde fra testingen i lilletanken Bilde fra testingen i lilletanken Bilde fra testingen i lilletanken Bilde fra testingen i lilletanken Bilde fra testingen i lilletanken Bilde fra testingen i lilletanken Bilde fra testingen i lilletanken Bilde fra testingen i lilletanken Bilde fra testingen i lilletanken

27 august 2008 - 12:00 skrev Espen denne tekstbiten. | Litt sent ute? Vi har allerede en kommentar | Fast link  |  Kategori(er): Skole & utdanning


Laksemiddag

“Ja, man tager hvad man haver.” Eventuelt det som finnes i butikken. Trondheim er prega av at ein gluping eller monge fant på å starte Bunnpris-butikkar. Det fører til at eit kvart hjørne i Trondheim har ein bunnpris.

Hjørnet er ikke helt det samme uten -- Bunnpris!

Det var altså gratisreklame for Bunnpris, difor må me veia litt opp med å nemna at det omtrent ikkje er ein einaste Coop-butikk her. Så butikken kan ikkje verta litt min …

Les videre

26 august 2008 - 18:32 skrev Espen denne tekstbiten. | 4 kommentarer - kompletter med din egen | Fast link  |  Kategori(er): Hybelmiddag


Minigrill

Kva kan vel ikkje skapartrangen, eit par hermetikboksar og brennbare væsker resultere i? Tar me i tillegg litt flis frå hagen og blander alt fint saman, ender me kanskje opp med grillkull. Når sant skal seiast, så er det vel meir effektivt å kjøpe ferdig i butikken, men trenda er jo at så mykje skal vera heimelaga. Du er også sikra at barnearbeid ikkje er inkludert i produksjonen.

Av utstyr er det naudsynt å ha ein varmekjelde på eit par kilowatt, ein boks som tålar varmekjelda og som kan gjerast lufttett på ein eller annan måte, ei form for rist som passar i boksen — og sist men ikkje minst grov flis til dømes frå hagekverna. Det er ikkje skikkeleg grillkull eg skal laga, for då måtte eg ha nytta halve hagen for å sette opp ei hendesløysa av ein pyramide — dette er mikroskopisk produksjon i småskala. Så smått er det.

Eg for min del nytta ein tom boks med hermetiske tomater. Eg dekka botnen med nokre spikrar, men smågrus kan òg med fordel nyttast. Eg fyllte godt opp med flis, og satte ein tom makrell i tomatboks på toppen som lokk. Trykket i boksen vil verta stort, så det er ein fordel å legja på litt vekt for å halde lokket på plass. Alt kokes på sterk varme til den grøvste røyken har lagt seg.

Primus omnifuel Pumpe til omnifuel Tjæreavsetningar Ferdig grillkull

18 august 2008 - 12:35 skrev Espen denne tekstbiten. | Legg igjen den første kommentaren | Fast link  |  Kategori(er): Ferie & fritid


Ny bustad til augo til Minimjuk

Minimjuk Gatesbedrift heitar ei bedrift. Ho var stor og sterk, og leverte det ho skulle. Det var ingen som satte seg i mot det Minimjuk ville. Minimjuk starta ikkje av seg sjølve — det var fyrst når ho kjøpte rettane til produktet sitt frå Tim Paterson ved Seattle Computer Products at ho fekk bein og armar å krypa på. Det var Så gjekk Minimjuk under kirurgkniven og fekk ein ny utsjånad. Såleis starta historia om plastisk kirurgi. Kirirgen lot Minimjuk reisa seg på beina og gjera armane frie etter inspirasjon fra kva Steve Jobs gjorde med borna sine.

Minimjuk har vorte gamal og grå, og lev den dag i dag på glansen frå dei yngre dagane. No har augo fått eit mørk-matt skin over seg. Dei augo som var så blå og fagre. Me kjempar alle for å halde fast på den blåauga versjonen av augo til Minimuk, men Minimjuk strittar i mot.

Minimjuk har vorte til ein gamal og grå grinebitter som gjer kva ho kan for å sette seg på baken. Å pussa opp bustaden hennar er naudsynt frå tid til annan, men ho vert vanskeligare og vanskeligare for kvar gong. No er det mest så ho ikkje kan røra seg, og framleis strittar ho i mot. Det er ikkje snakk om å hjelpa til eller å vera framsynt og se kor mykje betre det vil verta med 250 GB boltreplass. No har ho 80 GB. Eg vonar samarbeidsevna er betre i dag.

Soga er nedtegna av Espen Frodeson i Nidaros by 2008.

17 august 2008 - 10:29 skrev Espen denne tekstbiten. | Legg igjen den første kommentaren | Fast link  |  Kategori(er): Elektronikk og IT


Enkelt og greit. Hvilken by er dette?

Heder og ære vanker til den som først kommer frem til riktig svar.
Trykk på bildet for å se større versjon.

Oppdatering:

Så godt som ingen har til nå klart å komme frem til riktig by. Det er mulig jeg her har overvurdert lesernes geografikunnskaper.

Stikkordet for løsningen er en liten, men langt i fra ubetydelig, detalj i horisonten. I bildeseriens siste bilde er denne detaljen markert med en rød sirkel.

Nå, hvilken by er dette?

16 august 2008 - 16:26 skrev Joakim denne tekstbiten. | Legg igjen den første kommentaren | Fast link  |  Kategori(er): Ferie & fritid


Det er mange som ikkje er eininge om det heitar Trondheim eller Trondhjem. Sjølvsagt heitar det Trondheim. Det heitar jo heim! Jaja.

Eg sit i ein kjellar. Hybel kallar nokon det. Fint for dei. God natt!

4 august 2008 - 21:30 skrev Espen denne tekstbiten. | 2 kommentarer - kompletter med din egen | Fast link  |  Kategori(er): De syv hav