
Minimjuk Gatesbedrift heitar ei bedrift. Ho var stor og sterk, og leverte det ho skulle. Det var ingen som satte seg i mot det Minimjuk ville. Minimjuk starta ikkje av seg sjølve — det var fyrst når ho kjøpte rettane til produktet sitt frå Tim Paterson ved Seattle Computer Products at ho fekk bein og armar å krypa på. Det var Så gjekk Minimjuk under kirurgkniven og fekk ein ny utsjånad. Såleis starta historia om plastisk kirurgi. Kirirgen lot Minimjuk reisa seg på beina og gjera armane frie etter inspirasjon fra kva Steve Jobs gjorde med borna sine.
Minimjuk har vorte gamal og grå, og lev den dag i dag på glansen frå dei yngre dagane. No har augo fått eit mørk-matt skin over seg. Dei augo som var så blå og fagre. Me kjempar alle for å halde fast på den blåauga versjonen av augo til Minimuk, men Minimjuk strittar i mot.
Minimjuk har vorte til ein gamal og grå grinebitter som gjer kva ho kan for å sette seg på baken. Å pussa opp bustaden hennar er naudsynt frå tid til annan, men ho vert vanskeligare og vanskeligare for kvar gong. No er det mest så ho ikkje kan røra seg, og framleis strittar ho i mot. Det er ikkje snakk om å hjelpa til eller å vera framsynt og se kor mykje betre det vil verta med 250 GB boltreplass. No har ho 80 GB. Eg vonar samarbeidsevna er betre i dag.
Soga er nedtegna av Espen Frodeson i Nidaros by 2008.