bagateller for deg - livet for meg

Minigrill

Kva kan vel ikkje skapartrangen, eit par hermetikboksar og brennbare væsker resultere i? Tar me i tillegg litt flis frå hagen og blander alt fint saman, ender me kanskje opp med grillkull. Når sant skal seiast, så er det vel meir effektivt å kjøpe ferdig i butikken, men trenda er jo at så mykje skal vera heimelaga. Du er også sikra at barnearbeid ikkje er inkludert i produksjonen.

Av utstyr er det naudsynt å ha ein varmekjelde på eit par kilowatt, ein boks som tålar varmekjelda og som kan gjerast lufttett på ein eller annan måte, ei form for rist som passar i boksen — og sist men ikkje minst grov flis til dømes frå hagekverna. Det er ikkje skikkeleg grillkull eg skal laga, for då måtte eg ha nytta halve hagen for å sette opp ei hendesløysa av ein pyramide — dette er mikroskopisk produksjon i småskala. Så smått er det.

Eg for min del nytta ein tom boks med hermetiske tomater. Eg dekka botnen med nokre spikrar, men smågrus kan òg med fordel nyttast. Eg fyllte godt opp med flis, og satte ein tom makrell i tomatboks på toppen som lokk. Trykket i boksen vil verta stort, så det er ein fordel å legja på litt vekt for å halde lokket på plass. Alt kokes på sterk varme til den grøvste røyken har lagt seg.

Primus omnifuel Pumpe til omnifuel Tjæreavsetningar Ferdig grillkull

18 august 2008 - 12:35 skrev Espen denne tekstbiten. | Legg igjen den første kommentaren | Fast link  |  Kategori(er): Ferie & fritid