
Kva kan vel ikkje skapartrangen, eit par hermetikboksar og brennbare væsker resultere i? Tar me i tillegg litt flis frå hagen og blander alt fint saman, ender me kanskje opp med grillkull. Når sant skal seiast, så er det vel meir effektivt å kjøpe ferdig i butikken, men trenda er jo at så mykje skal vera heimelaga. Du er også sikra at barnearbeid ikkje er inkludert i produksjonen.
Av utstyr er det naudsynt å ha ein varmekjelde på eit par kilowatt, ein boks som tålar varmekjelda og som kan gjerast lufttett på ein eller annan måte, ei form for rist som passar i boksen — og sist men ikkje minst grov flis til dømes frå hagekverna. Det er ikkje skikkeleg grillkull eg skal laga, for då måtte eg ha nytta halve hagen for å sette opp ei hendesløysa av ein pyramide — dette er mikroskopisk produksjon i småskala. Så smått er det.
Eg for min del nytta ein tom boks med hermetiske tomater. Eg dekka botnen med nokre spikrar, men smågrus kan òg med fordel nyttast. Eg fyllte godt opp med flis, og satte ein tom makrell i tomatboks på toppen som lokk. Trykket i boksen vil verta stort, så det er ein fordel å legja på litt vekt for å halde lokket på plass. Alt kokes på sterk varme til den grøvste røyken har lagt seg.
- Skrevet av Espen
- Står bak 151 artikler
- Biografi
- Eg er elev ved Stavanger Katedralskole / Kongsgård og skriv litt om livet der, men mest om ting som ikkje har den ringaste relevans til nokon fornuftig tilværelse. Vidare så bur eg nesten, men berre nesten på Sølyst, Stavanger Seilforening. Eigentleg så bur eg i verdens navle - Svartemyr, Randaberg. Eg seiast å vera irriterande. Til enkelte tidar av året bur eg på skulen i staden for på Sølyst. Kan du tenkje deg til kvifor?




Ingen kommentarer så langt. Blir du den første?
RSS kommentarstrøm for denne artikkelen. Spor tilbake
Skriv en kommentar