Alle studentar ved teknologistudiane ved NTNU startar med eit prosjekt kalla Teknostart. Dette er eit gruppesamansveisingsprosjekt kor me får lære noko om kordan jobbe godt i grupper. Ein del av prosjektet går ut på å bygge ein båt i skum.
Laget EMAE satte seg ned og tegna ei skisse av båten me ville laga — og når tida var inne bygde me han. Tida strakk ikkje heilt til, så me fekk ikkje plassert vekta der me ville ha han, så resultatet av byggingja var vel så som så. Båten klarte rundt 15 cm før vasskrekken tok heilt overhånd. Se bileta frå testinga i lilletanken under.
27 august 2008 - 12:00 skrev Espen denne tekstbiten. | Litt sent ute? Vi har allerede en kommentar | Fast link | Kategori(er): Skole & utdanning