Det å snakke saman

Espen 2008 12 02

Ja, det høyrest kanskje trivielt ut, men eit så grunnleggande prinsipp som å snakke saman er ofte vanskeleg å etterleve. Fundamentet for alt samarbeid er at dei som er med snakkar saman. Så enkelt, men samstundes så vanskeleg. Kanskje trur du at alle forstår kva du tenkjer og veit kva du vil. Dei andre trur det same om deg; at du veit kva dei tenkjer og vil. Kor vert det av samspelet — “sam”-delen av samarbeid. Saman er me sterke, men kvar for oss har me berre kontroll over vår eiga tue. Det er typisk norsk å vera seg sjølve nok.

Under teknostartvekene på NTNU hadde me eit fag som heita Arbeid i Team. Det er eit av dei utskjelte faga som ikkje burde vera naudsynte. Du lærar ikkje noko nytt av det, men du lærer å kjenne deg sjølve. Du lærar at eit samarbeid ikkje er det same som individuelt arbeid multiplisert med fleire personar. Det er ein heilt annan måte å gå mot eit felles mål på. Den raude tråden er at du må tenkje over det som vanlegvis er sjølvsagt. For er det verkeleg sjølvsagt? Tenkjer Per og Pål likt? Sjølv om Per og Pål ikkje arbeidar med den same tingen, kan det vera kjekt at Pål veit kva som skjer hjå Per. Så viss du får til kommunikasjon mellom tuene, må neste steg vera å få til kommunikasjon med tuene på grannemyra.

Mykje av kommunikasjonen i ei gruppe skjer utan å nytte ord. Alle sender ut signaler, ofte utan å vite det. Det er betre å tenkje seg om og sende ut riktige signaler, enn å prøvje å la vera å senda ut signaler. Då sendar du ofte ut uklare signaler som vert tyda som noko heilt anna enn det du vil. Sender du det du vil, er det ikkje plass til å sende noko anna.

Snakk saman, sei kva du meiner. Lytt på andre, ver positiv. Når alle har sagt sitt, kan du byrje å vera kritisk. Kvifor er ikkje alle samde?

2 kommentarar til “Det å snakke saman”

  1. Hanna says:

    Jeg tror ikke det er sånn at hvis man sender det man vil, så er det ikke plass til å sende noe annet. Jeg tror problemet like ofte kan ligge hos mottakeren som hos avsenderen. Noen feiltolker “nesten uansett hva man gjør”. Uten at det har noe å si; Det viktigste er jo at man klarer å kommunisere.

    En av de mest spennende bøkene på feltet (spør du meg) er “Folkeskikk og uskikk på jobben. Konfliktbehandling på arbeidsplassen” av Jan Atle Andersen. Den er god å lese, og ser litt annerledes på hva som skjer når kommunikasjon blir vanskelig, og hva man kan gjøre.
    Anbefales!

  2. Espen says:

    Takk for kommentaren, Hanna :)

    Du har nok eit poeng i at verda ikkje er svart og kvit, men nokre gonger er det greit å måle han svart og kvit for å få provosere fram tankar hjå leserane. Boka di hadde ein lang tittel, men er sikkert bra for det om ;) Takk for tipset!

Kommenter

Relatert