Eit loggskudd i natta

Espen 2009 01 01

I fjor rakk klokka å verte 23.59.60 før det nye året var på plass. Kanskje det forsøv seg bittelitt? Det er ikkje så lett å kome seg ut av senga om morgonen alltid. Og for året som berre kjem kvar 12. månad må det vera vanskeleg å vere på tida.

Jan 1 00:59:59 svartemyr kernel: [3211153.863802] Clock: inserting leap second 23:59:60 UTC

Skuddsekundet vart skutt inn av NTP som til vanleg held styr på tida. Det er fint å sleppe å stille klokka sjølve, men nokre gonger når NTP finn på å hoppe 15 sekunder bakover fordi ingen har fortalt han at han skal dridle i staden er det morosamt å lese systemlogger. Dovecot, IMAP-nissen på svartemyr, kjem med koselege meldingar:

dovecot: Time just moved backwards (1173189603 -> 1173189602)! This might cause a lot of problems, so I’ll just kill myself now.

Utviklerar har faktisk litt humor av og til. Ellers har eg ikkje funne så mykje spanande i loggen i dag.

Nokon merka kanskje at bagateller.com var litt ustabilt for eit par dagar sidan. Det var ikkje meininga, men det er slikt som skjer når ein skriv:

DROP DATABASE mysql;

Det er rett og slett ikkje det smartaste ein kan gjera. På ein måte. MySQL seiar ingenting om at du ikkje bør skriva det, du har ingen angreknapp og generelt tar det deg med ut på djupt vatn utruleg raskt. Det beste er å ikkje få panikk, og å håpe på at logrotate ikkje får lyst til å starte databasetenaren på nytt medan han roterar loggane. MySQL kan ikkje lage nye brukerar med same namn som ein sletta brukar før alle privilegier er oppdatert, så det var ei lita stund at ingen av wordpressinstallasjonane kunne snakke med databasen. Keisamt …

Ein kommentar eg fikk på IRC etter å ha sletta databasen var:

23:16 <@Mithrandir> molven: når du har droppet mysql-tabellen så installerer du postgres. :-)

PostgreSQL tar seg av det meste som har med databaser å gjere på svartemyr, men wordpress likar berre MySQL, så diverre er det enkelte ting som er meir ustabile enn andre.

Alt i alt så vart slutten på 2008 ei interessant tid. Livet er for kort til å tenkje seg om for kvar minste ting.

Kommenter

Relatert