Pass deg!

Grillver i Høgskuleparken

Espen 2009 05 03

Den siste veka har vore prega av masse fint ver. Det er kjekt. Me likar fint ver; faktisk så har det vore finare her oppe i nord enn heime! Det er fordi eg er her med sumaren. Eg skal ta han med meg heim når eg reisar til søren snart.

Det har vore kortbuksever omtrent heile veka, og det har gjort at parken har vore stappfull av solhungrige studentar som er lei av mørke og trøtte lesesalar. Gjennom veka har me hatt mange møter i «Gode relasjoner ITK, ARK, VK, Sambandskomiteen og Flaggkomiteen» og sikker nokon fleire. Og som seg hør og bør når studentar skal lese til eksamen i det fine veret så treng ein internett. Men om det er lite virk fordi antennen ser korsfesta ut eller om han generelt berre er teit veit eg ikkje så mykje om.

Ofte er det når ein ikkje driv med planlegging at kreativiteten er på sitt beste. Grillmaten kom ut i ein boks merka «ymse til hovedkort», sofaen kom plutseleg fordi nokon ikkje ville site på bruskasser og grillane poppar fram frå dei merkeligaste plassar. Og sidan bilete seiar meir enn tusen ord vil eg tipse deg om grillebilete og fleire grillebilete. Kos deg!

2 kommentarar til “Grillver i Høgskuleparken”

  1. Karoline says:

    Det så koseligt ut! Trondheim e ein veldigt fine by, spesielt i fint vær =)

  2. Marita says:

    Fint ver e kjekt =) Så du må huska å ta d me deg heim te helgå! :)

Kommenter

Relatert