Fantastiske vindauge

Espen 2009 02 06

Vindauge er så fantastisk. Det går mest ikkje an. Minimjuk har funne ut at folk flest bør få lese sitt eige morsmål når dei trykkar på datamaskinane sine. Og at vindauge er meint til å vere personlege kjem tydelig fram når ein vil ha to språk. For då må ein bytte dei ut.

Etter kvart vert det ganske tydelig kvifor det må vere sånn. Flagga programma tar inn i kommandovindauget er sat om til norsk på eit norsk vindauge. Det er flott. Fantastisk!

Skal du køyre ei planlagt oppgåve ein gong i månaden, må du skrive at oppgåva skal høyre “MÅNEDLIG”. “MONTHLY” er sjølvsagt ikkje gyldig. Se, ein Å i eit flagg.

Berge og eg sat ei bitte lita stund i går kveld for å finne svaret på ei av dei store oppgåvene i livet. Det er ikkje mogleg å lage batchfilar skalerer til fleire språk. Og du må for all del ikkje nytte fleire enn 255 teikn.

Å hjul med din glede …

Ein kommentar til “Fantastiske vindauge”

  1. Karoline says:

    Å, for ein sarkasme! D e veldig morsomt å lese, d ska du ha. Skriveånden i Espen e endelig tebake :)

Kommenter

Relatert