Februar!

Espen 2010 02 01

Det er februar igjen. Der er eit år sidan sist. På denne tida i fjor var det fint lite snø og is å finne heime medan Trondheim hadde flittige skyer som leverte og produserte og slapp frå seg kvit masse. Masse som kan formast til snømenn. I år er det ganske motsett. Snøen som har falt i Trondheim er stort sett frå i fjord; det lille som har sett dagens lys fyrst i 2010 kan nesten ikkje reknast som snø. Heime faller det jamleg dei mengdene som skulle ha vore her. Snøen i skispora er råtten og skiløypene mest ubrukelige.

Det er 14 dager til St. Butikkenes Dag. Det er 13 dagar til Kaizers Orchestra står på scenen i Storsalen. Det er 12 dagar til neste Nerdepizza. Det er 11 dagar til Noreg erklærer seg uavhengige i 1814.

4 kommentarar til “Februar!”

  1. Marita says:

    Det er bare å komma å henta litt snø. Som far har skreve på fjasebogå: snø gis bort, kom og hent gratis opplasting.

    For min del er eg ganske lei av snøen, glatt er det og.

  2. Espen says:

    Viss han slenger på at ein får med ein traktor til å laste av med så kanskje nokon slår til?

  3. Marita says:

    Skal tipse han om det. Så kanskje eg kan få igjen parkeringsplassen min og.

  4. sveinung says:

    kanskje den gamle traktoren kunne vore ei passande medgift ??

Kommenter

Relatert