Logoen til FrP er eit eple; her er det sanne eplet. ©rgermann, flickr

FrP

Espen 2009 09 13

For nokre dagar sidan fikk eg ein melding på mobiltelefonen frå FrP. Der stod det kort om Frp, og dei viste til nettsidene sine. Dei gjorde òg merksam på at ein kunne snakke med FrP på nett. Eg har aldeles ikkje noko ønske om å få meldingar eller anna informasjon frå FrP, så eg leita meg inn på sidene og prøvde å finne denne snakketenesta. Det var ikkje så lett. Men vel inne gikk samtalen greit, så lenge eg ikkje spurte om vanskelege ting. Då måtte dei ha hjelp til å svare.

Nettsnakk med FrP

Hei, kan vi hjelpe deg med noe? Vi er online 10.00 - 20.00 på hverdager. Det er bare å sende oss spørsmål i feltet under.
Du
Hei
Celina
Hei
Du
Kva tykjar de om organisasjonar som sendar reklame til personar som står i reservasjonsregisteret?
Du
Eller er det noko FrP ikkje har tatt standpunkt til?
Celina
Vi har ikke tatt standpunkt til dette :)
Du
Så fint at de kan innrømme det heilt av de sjølve. Kva er telefonnummeret ditt?
Celina
Det gir jeg ikke ut :)
Du
Men at FrP som organisasjon sendar ut reklame til enkeltpersonar som ikkje har samtykka i å få reklame er greit? Så lenge du støttar det FrP gjer, burde du ikkje då oppføre deg likt sjølve?
Du
Slik systemet fungerer, må ein aktivt reservere seg mot reklame. Er det ikkje respektlaust å likevel sende reklame til dei som faktisk har reservert seg?
Celina
jo
Men det er ikke FrP som sender ut, det er en automatisk tjeneste. Og nei, hvis du har reservert deg mot reklame skal du ikke ha mottatt FrP-reklamen.
Du
Då reknar eg med at den automatiske tenesta starta av seg sjølve, satte avsendar til FrP og skreiv om Frp utan at FrP hadde noko med det å gjere? =)
Celina
Vi bestillte dette
Klag da, hvis du har reservert deg mot reklame.
For da er det ikke vårt problem at du har mottatt den. Da er det de du har reservert deg hos som ikke har fått med seg det.
Du
FrP står ansvarleg overfor sluttkunde, og er ansvarlege for at tenestetilbydaren som er valgt følgjer dei lover og regler som finst.
Celina
Det skal jeg videreformidle og gjøre ledelsen obs på.
Du
Takk for det =)
Celina
Takk til deg også!:)

Kundebehandleren har avsluttet samtalen.

Legg merke til at det ikkje er FrP som har sendt ut reklamen, men ei automagisk teneste. Gratulerar =)

Så nei, FrP har ikkje vunne fleire stemmar frå min kant ved å sende ut reklame via mobiltelefon. Men det visar at den dagen ein har mangel på pengar er det ikkje vanskeleg å setje opp ei meldingsteneste og selje innhald til mobiltelefon. Ingen, ikkje ein gang eit stort politisk parti som siktar seg inn mot regjeringa sjekkar at meldingspøblane kan etikk.

4 kommentarar til “FrP”

  1. Marita says:

    Alle andre rundt meg fekk melding, men eg fekk ingen.

  2. Henrik says:

    Eg syns det bare e latterlig at de sende rundt sms… seie litt mer om at de prøve å få så mye stemmer de bare kan.. men tror isje det hjelpe så mye.. kanskje de som isje har noge interesse som bare stemme for å stemma:)

  3. Joakim says:

    Har du rapportert til forbrukerombudet?

Kommenter

Relatert