Grøne hender

Espen 2007 08 25

Kaktusbyen

I dag kan eg ta på meg tittelen som gartnar. Eg har planta om ein kaktus, og satt ein ny ein på plass der den gamle stod.

Eg har skreve om Kaktusbyen min tidlegare, den gang han hadde 4 levande invånerar. No er talet nede i ein, men han flytta på gamleheim tidlegare i dag.

Kaktusbyen, førehandsvisning

No er byen gjort om til eit palass kor berre ein kaktus bor. Han, byen, har óg fått renovert grunnen, og lagt inn vatntett skot for å halde på grunnvatnet. Det tørkar fort opp i ørkenlandskåpet viss ikkje. Eg vurderte å leggja inn fontene, men slo det frå meg sidan det hadde laga lyd.

Tidlegare var steinane limt samen oppå jorda, eller eigentles så var dei limt fast til jorda. Difor måtte eg ut og vaska gull. Det såg vertfall ut som det når eg hadde rennane vatn på fjellet og rota, slipte og knadde på småstein. Det var koseleg, sjølv om limen var vanskeleg å fjerne. Eg blanda det samen med litt gullfarga stein (difor kan eg kalla det gullvasking utan dårleg samvit) og litt kvit stein.

Den nye kaktusen arva ei krukke, som no står omtrent på same plass som tidlegare. Eg trur det kjem til å bli ein god plass å bu!

Den nye KaktusbyenKaktusbyen under eit raudt trePensjonistkaktusen i ei mindre potte.

2 kommentarar til “Grøne hender”

  1. Amalie says:

    Du har plantet om en kaktus og kaller deg gartner… Jeg skiftet lyspærer i går, er jeg en elektriker nå?=P

  2. Joakim says:

    Fagbrev kommer i posten

Kommenter

Relatert