Botne

Helsing frå Botne

Joakim 2010 02 06

Turen starta Fredag ettermiddag. Målet for denne helga var Botne. Først må me ta ferja. Me er ikkje aleine. Alle ombord byta inn gammalt ferjekort med nytt. Kø. Det gjer ikkje noko. Så lenge me kjem oss heilskinna øve fjorden. For dei neste 56 timane skal berre nytast.

God mat, tur, fotografering, snømåking, ete Kvikk Lunsj, ja, ha såkalla kvalitetstid og berre kose oss.

Men fyrst og fremst må det handlast. Det betyr stopp innom ein, to og ja, heile tre matbutikkar. For denne helga skal me verkeleg lage oss et herremåltid og to - ja opptil fleire.

Så er me klar. Fullasta bil. Gamle vinterdekk. Eit-to-tre forsøk må til før me kjem oss opp den siste bakken. Ute var det kaldt og mørkt. Inne var det godt og varmt. Og endå varmare. Peisen glødar.

Fredag er TV kveld. Heile kvelden. Finale i Korsalget, Åge vann. Deretter Nytt på nytt. Så tid for kvelds. Reker, loff og ein Spiess Silvaner “S” Trocken frå 2006. Herleg. Siste episode av Etter Katastrofen. Det bles ute. Nye lydar. Eit brak då snøen ramlar ned frå taket. Best å krype under dyna.

Ny dag. Mildvêr. Frukost med egg og bacon. Ut og måke snø. Sliten og tørst. Kald eplemost. Så tur i snøen. Ta bilete. Kaldt. Inn att. Godt og varmt. Slappe av. Snart mørkt, snart kveld. Det betyr biff-middag!

Livet er herleg! Fortsatt god helg!

Ein kommentar til “Helsing frå Botne”

  1. Christian says:

    Endelig har det kommet en ny post i fra Joakim. Å så poetisk. Helgen virket ganske så herlig å jeg må si at jeg missunner deg. Ha fortsatt en god helg videre.

Kommenter

Relatert