Lydar på tilbod!

Espen 2009 01 31

Kva er vel ikkje betre enn å vakne til ein roleg, afrikansk rytme? I dag har du din største sjanse; eg gir bort, ja praktisk talt gir bort, ein afrikansk melodi. Ja, du høyrte riktig. Ein fantastisk flott afrikansk melodi som du kan spele så ofte du vil — på iPoden din, datamaskinen din, kjøkkenet ditt eller i stova. Det er ingen grenser for kor mykje du kan nytte denne smørande olja for øyregangar.

Sitt du på ei keisam forelesning? Spel afrikansk! Du vil merke at aktiviteten i rommet stig. Denne fantastiske lyden, som kan verte din for praktisk tal ingenting, har vore nytta av Ubuntu i lange tider. Ver rask og sikre deg denne utrulege moglegheita til å sikre deg denne rytmiske, afrikanske melodien.

For å demonstrere har eg gitt deg ein prøve som du kan nytta fritt viss du vil ha han. Skulle du likevel finne ut at han ikkje passar i øyregangen din kan du fjerne han igjen veldig lett så lenge du ikkje nyttar vindauga til minimjuk.

I Ubuntu finn du lett fram til menyen som heitar Systemet. Inni der er det ein ny meny som heitar innstillingar, før du vel Økter. Så er det berre til å fjerne “GNOME Login Sound”. Det kan ikkje verte enklare. Viss du ikkje fjernar lyden skal du få behalde han. Til slutt vil eg påpeke at det fell ein liten royalty på meg for kvar gang du fjernar han — som godtgjering for at eg har vist korleis du gjer det.

Ta kontakt viss du vil fjerne fleire lydar!

Kommenter

Relatert