MS Polarlys

Espen 2008 10 14

Måndag førre veke var ein spanande dag. Då var eg, og alle dei andre i 1. marin på ekskursjon med Hurtigruta MS Polarlys. Sjølv om det var ein tidleg morgon med byvandring, kom me fram til vatnet etter kvart. Etter at eg hadde konstatert at båten fløyt, gikk turen ombord for utdeling av “reisekort” eller noko slikt.

Det var ein dag med mykje venting. Når me ikkje venta, vitja me maskinrommet, brua og forskjellige andre plassar. Me hadde ganske så frie tøylar.

I maskinrommet var oppgåva vår å kartlegge brennoljesystemet. Monge større båtar nyttar tungolje som drivstoff i motorane sine. Tungolje er tung, men det er ikkje så farleg. Det er værre at ho er som gele. Det likar ikkje motoren. Har du nokon gong prøvd å fordampe gele? Ikkje eg heller. Fjerne småstein som ligg midt i geleen? Niks. Det er ikkje lett. Når nokon vel å nytta tungolje, vel dei óg å måtta ta ombord eit stort annlegg for handsaming av olja. Og det har MS Polarlys. Ho må reinsast i filtere og separatorer (store sentrifuger), og ho må varmast opp til å verta like flytande som diesel. Hurtigruta konsumerar røffleg 200 tonn drivstoff på ein tur langs kysten. Det er litt det.

Me fekk god servering ombord, med buffet til føremiddagsmat, og tri rettars middag med suppe og fisk. Eg trur me senka snittalteren i restauranten med rundt 90 år. Eller noko der omkring.

Vel framme i Molde overnatta me på ein folkehøgskule — men det er ei heilt anna historie. Og snipp snapp snute, så var hurtigruteturen over.

3 kommentarar til “MS Polarlys”

  1. Asbjørn says:

    Tøft. Det er vel ikkje så mykje meir å seie.

  2. Joakim says:

    Med andre ord ikke så rart at skipstrafikken står for en betydelig andel av norges CO og NOx utslipp.

  3. Espen says:

    Ja, det går ein del gjennom motorane i skipsflåten i Noreg.

Kommenter

Relatert