Radiotur i Bymarka

Radiotur i Bymarka

Espen 2009 10 14

Kvifor sitte inne og sture når verda er stor? Det er mykje kjekkare å ta seg ein tur ut og bort frå alt anna enn ute. Det er litt vanskelig å fjerne seg frå ute. Inne er i ute, så den hjelper ikkje så mykje.

LA2USA, LA3JPA, LA7VRA og LA9ARA tok seg like gjerne ein tur til Bymarka utanfor Trondheim for å båle pølser, gå tur og køyre litt radio. Me trefte Kong Vinter i døra; han skal snart i gang med å prøve den nye snøen han har fått; prøvene som er lagt for lenge sidan, og dei er minst like gode som i fjor! Isen er diverre litt ustabil enno, men det skulle dei jobbe litt med. Førebels får me berre leve med å trø gjennom og ned i sorpa og myra.

Me hadde med oss pølser og fyrstikker, og ramla ned eit tre som me brann litt av. Det hjelpte godt på varmen og laga koselege lydar. At kleda luktar røyk etterpå får så vere. Dei kan vaskast. Me hadde sjølvsagt med oss radioar i tillegg til pølsene, så me fekk til litt snakking med verda. Det var til og med nokon frå USA som ville snakke med oss gjennom antenna som hang i omtrent hoftehøgd langs med bakken. Radiobølgjer likar kanskje å kome ut frå bølgjete antenner? Og medan me snakkar om USA. Det vart registrert med latter når eg presenterte meg som «Lima Alfa 2 United States of America» for å gjera det enklare å verte forstått. De burde heller vere misunnelege på meg som har eit så flott kallesignal.

Me passa òg på å få ut kvota for klaging over dei som ikkje kan det fonetiske alfabet. Honolulu er ikkje eit fint ord for H. Og sånn er det berre.

Eg likar forøvrig å sjå bilete av ting som skjer. Det kan jo du òg gjere =)

Ein kommentar til “Radiotur i Bymarka”

  1. Marita says:

    Båling er koseligt =) Men snøen kan venta litt til før den kjem, syns eg.

Kommenter

Relatert