Sommartider

Espen 2007 07 12

Kalenderen seiar at det er somar no, vèret hellar mot haust og eg har skulefri. Det tydar på at kalenderen har meir rett enn vèret, sidan eg bestemt meinar at epleferien ikkje varar i to månader.

Eg trur kolumbus òg høyrar på kalenderen, men ser ikkje heilt grunnen til at dei skal ha fått solstikk og som regel lar vere å køyre gule bussar. Eg må få presisere att dei fleste bussane er grøne, og at eg her meinar dei gule firkantane i ruteheftet. Det får vera måte på å diskriminere den gule sola.

Rutetider rute 28

Eg har ein mistanke om at nokre av sjåførane i lia til han veo ikkje har fått same grad av solstikk som leiinga i Kolumbus, for dei køyrar dei gule rutene. Vertfall av og til.

Jaja, eg skal ikkje klage så veldig mykkje, sidan det er mogleg å finne ut kva ti det ikkje går buss, men eg vil klage litt meir på at dei rutene som ikkje er gule ikkje kjem. Å vente 5000 sekund på at to bussar ikkje kjem er som å sluke ei lodden rotte i staden for å spise sjokolade. Då kan rute 3 berre ha det så godt — eg tar 28. 28, eller “åttatsjue”, er mykkje koselegare. Her finn du venlegge menneskje og kort reisetid. Det likar me. Det er berre så synd at han ikkje går så ofte. Det likar eg mindre …

Kommenter

Relatert