Ssstraum

Espen 2008 04 01

Nei, det er ikkje ein slange som prøver seg på å uttala straum, men namnet på ein straum av nyhende frå Stavanger Seilforening. Nyhenda sniker seg inn på datamaskinen din og gir deg eit lite vink og ein smakebit på kva du kan lesa. Her på bagateller har me og ein slik straum. Du finn han sikkert og som ein eigen knapp i nærleiken av adressefeltet.

Stavanger Seilforening har ikkje nokon slik straum — noko som har irritert meg. Dei har eit e-postabonement, men eg tykkjar det er betre å hente nyhende via dei kanalane som er til for nyhende. Difor satte eg meg godt til rette og lagte ei lita teneste som henter dei siste oppslaga frå heimesidene til seilforeningen, og puttar dei inn i eit XML-dokument som er markert opp som ein Atom-straum.

feed.pngNyheter fra Stavanger Seilforening

Når du opnar lenka over får du, alt etter kva for program du nyttar, opp eit val kor du kan velje å abonere på nyhende. I opera kjem straumen inder ein eigen meny øvst i menylinja, mens firefox Legg straumen som ein knapp på bokmerkevertøyglinja. Lesarprogrammet oppdaterar straumen nokre ganger i døgret, og vil skilja ut nye sakar. Some program let deg få ei melding på skjermen når det finn noko nytt.

Ein kommentar til “Ssstraum”

  1. Karoline says:

    D va på tide;) Møje mer praktisk me RSS enn å få alt på mail, d e bare tongvint å lesa. Fine bil, Espen!

Kommenter

Relatert