Stavanger 2008 er død

Espen 2008 12 07

Så er ikkje lenger Stavanger Europeisk kulturhovudstad. Seremonien i går var kort og grei. Stort pluss! At det ikkje gikk an å se noko serlig var eit lite minus. Torget og trappene var heilt fulle. Arrangøren kunne hatt storskjermar på Romsøegården, så kunne alle fått se. Laserspelet var spanande. Nok ein pluss! Ei spektakulær, grønn lysrørsle i lufta.

Kvelden var klar og kald, og røykmaskiner i skorsteinane til Hauge på torget måtte jobbe hardt for å halde på lyset. Mangelen på rakettar (fordi ei avslutning visst ikkje var noko å feire) trekk litt ned, men det hadde kanskje vore litt dumt at arrangementet skulle vare lenger.

Sum: Alt i alt var avslutninga bra!

Ein kommentar til “Stavanger 2008 er død”

  1. Marianne says:

    Det einaste eg fekk med meg av dette kulturprosjektet var eit glimt av ein fotoutstilling ved Breiavatnet, men den var i det minste bra. Lysa på himmelen i frå avslutninga fekk eg vel eigentleg også med meg. Eg har vel vore ein dårleg supportar dette året.

Kommenter

Relatert