Teikningane var ikkje problemet

Inge André 2006 11 06

Når nokre teikningar er i stand til å laga så omfattande demonstrasjonar som det me har vore vitne til her, er det grunn til å verta uroleg for verda me lev i. Når den muslimske delen av verda gjer opprør mot den såkalla kristne delen av verda er det fare for drap og i verste fall krig. Slik eg ser saka, er spurde Jyllands-Posten førti karikaturteiknarar om å teikna ”Profeten” Muhammed. Berre tolv av dei sendte teikningar tilbake. Når disse teikningane kom på trykk i avisa braut helvete laus. Flagg vart trampa på og eller brent. Ambassadar vart angripne og i Tyrkia drap sinte muslimar ein prest. Når eg ser på saka, er det ein ting som slår meg. Ikkje alle muslimar vart fornerma. Sjølvsagt var det nokre sjiamuslimar som var opprøyrde, men hovudsakleg sunnimuslimar. Kvifor? Fordi at deira religion seier at ein ikkje skal avbilda ”Profeten”. Eg synst at det er heilt hol i hovudet å drepa folk fordi dei gjer noko som bryt ein regel i min religion. Dei kallar det blasfemi, eg kallar det ytringsfridom. Me må hugsa at om dei kristne fanatikarane, eller dei moderate kristne i verda skulle laga så store opptøyar kvar gong ein muslim braut ein av våre eigne reglar, ville det ha haldt på konstant. Og om dei kristne skulle straffa andre kristne for kvar gong dei braut til dømes moselovane eller utførte ei dødssynd, ville kyrkja hatt inkvisisjonar større enn dei som var i mellomalderen.

Problemet, slik eg ser det er at det finst religion i verda. Dei voldelege handlingane og protestane oppsto ikkje fordi ei avis ifrå Daneland trykte teikningar av ein historisk person ifrå den muslimske verda. Det oppsto fordi deira religion seier at denne mannen var spesiell. Han skulle visstnok ha snakka med ein eller anna gud. Og sidan religionen deira og seier at ein ikkje skal avbilda denne mannen, så må det jo vera sånn. Då vil det jo berre vera naturleg å reagera på nokre teikningar med brente ambassadar, drepne prestar og skada soldatar.

Som sagt så ser eg ikkje på teikningane som hovudproblemet i denne saka. Eg ser på religion som det store problemet og då ikkje berre islam, men og judeokristendomen. I mine auge er religion feil, men han kan tolererast så lenge han ikkje plagar andre. Difor synst eg at det eg heilt ok at dei kan meina at teikningane av Muhammed er blasfemi, men dei har inga grunnlag til å setta til side ytringsfridomen på grunn av gamle reglar. Det står tross alt i bibelen at ein ikkje skal avbilda Jehova, likevel kan ein sjå han i taket på det Sixtinske Kapell i Vatikanet.

Men om ein ser på det frå den andre sida, så tyder karikaturane på manglande respekt for den Islamske kulturen og deira tru. Når ein skal laga teikningar om noko som er ein såpass stor plass i liva til så mange personar. Ein kan gjera narr av mykje utan at personar reagerer kraftig, men nokon gonger går ein over linja. Ein kunna seia at teikningane i Jyllands-Posten er eit overtramp mot alle verda sine muslimar. At illustratørane burde ha vore meir varsame overfor kva dei teiknar. Eg vil likevel få påpeika at eg ikkje synst at religion er noko som burde liggja eit menneske sitt hjarta nær, men kan ikkje anna enn å konstatera at det gjer det. Difor vil eg seia at eg kan forstå kvifor disse teikningane opprøyrde så mange menneske. Eg forstår det, men eg sympatiserer ikkje med dei. Eg ser ikkje nokon grunn til at nokon skal ta seg så nær av nokon karikaturar. Serleg når eg ikkje ser nokon grunn til å tru på ein slik religion som det muslimane gjer. Eg ser på religion og spenning mellom religionar som hovudårsaka til at det i det heiletatt blei nokon sak utav teikningane. Judeokristendomen har i alle tider vore i krig med Islam, og difor ser eg på det som naturleg at det vil vera gnissingar mellom partane. Teikningane var ikkje hovudorsaka til eksplosjonen av sinne, men han var heilt klart den avgjerande faktoren for at det skulle skje akkurat no. Den einaste løysinga eg kan sjå på problemet er å gjera det motsette av det Olav Digre gjorde i Noreg. Me må tvinga folk bort ifrå eit monoteistisk tru. Me må få dei til å innsjå at religion har vore årsaka til dei fleste krigar i verda si historie. Me må få dei til å innsjå at dei ikkje kan skulda alt dei gjer på religion og på blasfemi. Karikaturane eg meint som satire på politisk islam, og dei fortener det. Det at moderate muslimar tek seg nær av dei er for meg uforståeleg. dei kallar det blasfemi og brot på koranen sine lovar. Eg kallar det ytringsfridom.

Kommenter

Relatert