Vokte lenka

Espen 2010 01 16

Å vokte lenka fyrste fredag i semesteret er ikkje så mykje jobb. Det er meir sånn at det er så lite jobb at klokka stopper opp, og alt er sirup. Med nesten tomt hus er det ikkje så mange som vil forbi lenka. Ikkje det at det er så mykje lenker her, men det heitar no lenkevakt. Og sånn er det med den saka. Poenget er jo å halde litt styr på kven som rotar rundt på sidelofta på Huset, men når dei fleste som er her allerede jobber her så er det ikkje så mange som prøver seg.

Etterkvart som konsumert mengde humle- og maltbrygg stig er det fleire og fleire som ikkje får med seg at dette brygget ikkje skal over lenka. Til vanleg. I dag er det ikkje så mange. Me har berre eit glas på bordet. Det kan framleis kome fleire, men eg trur ikkje det vert så mange til slutt.

Alt i alt så vert lenka vokta, og ingen har tatt ho med seg til no. Kanskje fordi det ikkje er noko lenke her.

Ein kommentar til “Vokte lenka”

  1. Marita says:

    Då er det jo fint at du har ein data, slik at du kan skrive om jobben. Så har du noko å gjera mens tida går seint ;)

Kommenter

Relatert